Arbeidsførebuande trening AFT

image_pdfimage_print

Arbeidsførebuande trening skal bidra til å prøve ut arbeidsevna til jobbsøkaren og styrke moglegheitene for å få ordinært arbeid eller starte utdanning. Det blir lagt vekt på å skape meistring og auka motivasjon og å finne ein realistisk yrkesveg vidare. For å finne denne vegen, brukar vi mellom anna karriererettleiingsverktøyet Vip24. Gjennom arbeidspraksis på ein av våre interne arbeidstreningsarenaer eller i ei bedrift i det ordinære arbeidslivet, får jobbsøkaren moglegheit for å prøve ut både interesser og arbeidsevne. Vi har også samtaler, både enkeltvis og i grupper, der vi brukar Motiverende intervju som samtaleteknikk. I tillegg har vi tilbod om kvalifisering i form av interne kurs innan fleire ulike fagfelt, og opplæring i samarbeid med skular/ bedrifter.

Vi har tilbod om fylgjande interne kurs:

  • Jobbsøk, CV og intervju
  • Rettar og plikter i arbeidslivet
  • IK-mat
  • Fysisk aktivitet
  • Sal og service
  • Enkel matlaging – kantinemat
  • Møbelsnekring og lakkering
  • Bruk av diverse maskiner, treverkstad
  • Vask – reinhald
  • Basiskompetanse, lesing-skriving og/eller matematikk

I arbeidslivet generelt vert det lagt vekt på at ein er god i samspel med andre, kan kommunisere og samarbeide godt med medarbeidarane og er med i utviklingsarbeidet på staden.  I heile dette tiltaket vil desse temaene vera sentrale, og gje deg ei god innsikt i kva arbeidsmarknaden krev av sine arbeidstakarar.

AFT er eit arbeidsretta tiltak som du kan søkjast inn i direkte frå Nav lokalt.

Tiltaket er tidsavgrensa med inntil 12 månader, og ved behov kan det forlengast med nye 12 månader. Målet med tiltaket er at du skal gå vidare inn i arbeid eller utdanning.