Arbeidstreningsarenaer

Kvito AS kan tilby arbeid og kvalifisering på fleire arbeidsarenaer. Over tid har me utvikla og utvida tilbodet slik at dei fleste arbeidstakarar vil finne ein arena i deira interesse, ein arbeidsarena som ein har høve til å vidareutvikle i det ordinære arbeidsliv. Kvito kan i dag tilby arbeid/arbeidstrening innan kantine, bakeri, konditori, vaskeri, butikk, tre/vedproduksjon, interiør- og møbelsnekring, kjemisk produksjon, kontor og transportnæring. Alle arenaene har ein utarbeidd fagplan der den enkelte arbeidstakar kan velje ut sine eigne kvalifiseringsoppgåver, t.d. praktiske oppgåver, kundebehandling, innkjøp, helse, miljø og sikkerhet, vedlikehald, materialkunnskap m.m. I tillegg vil arbeidstakarane få tilbod om fysisk trening, kostrettleiing, økonomirettleiing og ulike fagkurs.

Kakeringen

Kakeringen ligg i eit lite handelssenter i Åmot i Vinje. Her kan du få deg ein matbit, kose deg med is, kake eller konfekt.

Les meir...

Vaskeriet

Kvito AS har eit moderne barrierevaskeri og yter vaskeritenester til mange verksemder i lokalmiljøet. Velkomen!

Les meir...

Tre og ved

På Kvito produserer vi mellom anna ved, hagemøblar, krakkar, skåp, små treartiklar, grensepinnar.

Les meir

Hekti

På Dalen, midt i sentrum av handlegata, finn du butikken Hekti, som blir driven med ekte engasjement og kjærleik til lokalproduserte varer.

Les meir

Snekkeriet

Snekkeriet tilbyr ordinære arbeidsoppgåver innan møbelsnekring, lakkering, kundemottak, sal, marknadsføring...

Les meir...

Waldenstrøm bakeri