Varig tilrettelagt arbeid – VTA
Kvito AS har 31 varig tilrettelagde arbeidsplassar (statleg vta). Desse er knytt til våre arbeidstreningsarenaer som er lokalisert sentralt i alle eigarkommunar. Kvito eig og driv mellom anna vaskeri, kantine, kafe, snekkeri og vedproduksjon.
Les mer...Arbeidsførebuande trening
Arbeidsførebuande trening er eit heilskapleg og saumlaust tiltak for deg som har nedsett arbeidsevne og treng omfattande bistand for å koma i arbeid. Dette vil innebera både kartlegging, opplæring, arbeidspraksis og vidare nødvendig oppfølging.
Les mer...Oppfølging
Kvito AS er underleverandør for Idea kompetanse i tiltaket Oppfølging. Dette tiltaket er svært individuelt tilrettelagt og omfattar alt frå moderat til meir omfattande bistand for å koma i jobb eller utdanning, eller behalde arbeidet.
Les mer...Avklaring
Kvito AS er underleverandør for Idea kompetanse i tiltaket Avklaring. Dette er eit fire vekers tiltak som skal gje deg hjelp til å kartlegge og avklare eigne ressursar og moglegheiter for å koma i jobb eller utdanning, eller for å finne ut kva som skal til for å stå i jobb.
Les mer...JobbNå
JobbNå er eit 34 vekers tiltak for 12 deltakarar som startar puljevis og har eit klart mål om jobb. Målgruppa er ungdom, minoritetsspråklege og langtidsledige arbeidssøkarar med behov for tett oppfølging for å få eller behalde inntektsgjevande arbeid. Seljord Personal og Kvito samarbeider om dette tiltaket.
Restart
I samarbeid med, og på oppdrag frå, Nissedal kommune, har Kvito As utvikla eit kommunalt tilbod til mottakarar av økonomisk sosialhjelp. Du vil få ein aktivitet å gå til, samstundes som du får hjelp til kartlegging av dine moglegheiter og ressursar, og opplæring og hjelp til jobbsøk.
Les mer...Opplæring/Kvalifisering
Kvito har eit nært samarbeid med skuleverket. Kvito tilbyr arbeidspraksis til både grunnskulen og vidaregåande skule, og er ei godkjent lærlingebedrift.
Les mer...Kartlegging
Kvito nyttar fleire ulike verktøy for at både du og tilretteleggarane skal få betre innsikt i dine ressursar og moglegheiter,
Les mer...