Samarbeid og gode resultat

Kvito er glade underleverandørar for Idea kompetanse på tiltaka Oppfølging og Avklaring.
Ekstra glade er vi for at Idea kompetanse nå tronar som nummer to i landet, og det på eit av dei tiltaka der vi er med!

Vi gratulerer derfor vår hovudleverandør Idea og deler deira facebook-innlegg her:
«Idea Kompetanse er nummer to på landsbasis når det gjelder høyest overgang fra tiltak til jobb!!
En fersk rapport fra NHOs bransjeforening for arbeids- og inkluderingsbedrifter viser statistikk som vi har god grunn til å være stolte av!»

Diakonipris til Kakeringen

8.april fekk Kvito As si avdeling Kakeringen ovverrekt Diakoniprisen for Vest-Telemark, 2018

I grunngjevinga for prisen til Kakeringen står det:
"Det luktar fersk julekake av Diakoniprisen denne gongen. Staden som får prisen er etter kvart vorte ein institusjon i Vest-Telemark.
Her har vi ein kafé som seier til alle: "Ver Velkomne! Kom inn!"
Her vert alle folk ønskt varmt velkomne. Her møter ein ofte vennlege ord og mange smil.
Dette er ein stad der folk kan kjenne at dei er verdt noko. Det ser ut til å gjelde anten ein står bak disken eller nyttar staden som gjester.

Personalets inkluderande veremåte gjer at mange kjenner at dette er kaféen deira.
Gjennom dei siste ti åra er det skapt ein sosial møtestad her. Gjennom bevisst arbeid med kvalitet på bakverk og mat, men ikkje minst personalet sin inkluderande måte å møte gjestene på, kjenner ein seg velkomen her.
Ein får mykje godt både for kropp og sjel her. Det gjeld så vel mannfolkgjengen om morgonen, eller enkegruppa som ventar på å gå tur. Eller ein gjeng helsefolk som tek lunsjen sin her.
Kakeringen lever opp til visjonen for diakonien i Vest-Telemark: "Å gjera Vest-Telemark til ein varmare stad å bu!"
Det luktar ekte og godt av både brøda og menneska på Kakeringen i Åmot, og det er verdt Diakoniprisen for 2018"

Vi er svært glade og stolte over å ha fått prisen, og gler oss over å ha fått lov til å syne bileta av alle dei glade prisvinnarane!
Gratulerer, Kakeringen!