Avklaring

image_pdfimage_print

I tiltaket Avklaring  skal du få hjelp til ei individuell systematisk kartlegging og vurdering av di arbeidsevne og eventuelt vidare behov for bistand til å koma i jobb eller behalde jobben din. Avklaringa skal hjelpe deg til å få auka innsikt i moglegheitene dine på arbeidsmarknaden og innsikt i dine eigne ressursar og ferdigheiter i jobbsamanheng.

Tilretteleggarane i Kvito har kompetanse og erfaring som gjer at dei kan hjelpe deg med denne avklaringa, og saman med deg finne fram til eit forslag til vidare aktivitet for å koma i arbeid eller behalde arbeidet ditt. Vi vil mellom anna kartlegge:

  • Basiskompetanse/grunnleggande ferdigheiter (ved hjelp av verktøyet Rådgiveren)
  • Utdanningsbakgrunn
  • Tidlegare arbeidserfaring
  • Trivsel i tidlegare arbeidsforhold
  • Dine interesser, verdiar og preferanser (ved hjelp av verktøyet VIP24)
  • Eventuelle behov for tilrettelegging i arbeidssituasjonen

Dersom du er i eit arbeidsforhold, vil vi ha samtaler med deg og din arbeidsgjevar for å kartlegge kva som skal til for at du kan halde fram i arbeidet. Har du ingen arbeidsgjevar, vil vi, saman med deg, finne ein eigna arbeidsplass der du kan få prøvd deg ut for å kartlegge dette.

Avklaring er eit fire veker langt tiltak. Kvito tilbyr tiltaket 30 timar pr. veke (5 dagar i veka), men omfanget blir individuelt tilpassa for deg. Minimumsomfang er 12 timar pr. veke.

Dersom det syner seg at du treng meir enn fire veker i tiltaket, kan det forlengast etter avtale med Nav.

Kvito leverer Avklaring som underleverandør for Idea kompetanse AS, og du kan søkast inn via ditt lokale Nav.