Basiskompetanse

For å gjera deltakarane våre best mogleg rusta for eit moderne arbeidsliv, kan vi i tilby individuelt tilrettelagd opplæring for personar med lese- og skrivevanskar, tal- og matematikkvanskar, eller generelt manglande basiskompetanse.

Vi nyttar kartleggingsverktøyet Rådgiveren for å få eit godt grunnlag å utarbeide individuelle opplæringsplanar frå. I den etterfylgjande undervisninga gjer vi bruk av ulike høvelege IKT-hjelpemidlar og programvare i kombinasjon med samtaler og undervisning anten ein til ein eller i små grupper. Vi legg dessutan opp til at undervisninga skal vera målretta mot den einskilde sitt ynskje når det gjeld yrkesval/eller studie/skulegang.

Opplæringsplan matematikk - powerpoint

Opplæringsplan les og skriv - powerpoint