Gladsaker

Auka kompetanse

Kvito AS sin medarbeidar Ursula Van Dam har avlagt eksamen, videreutdanning i veiledning og coaching (60stp.), med flott resultat. Kvito gler seg stort over den auka kompetansen vi dermed har fått tilført og gratulerer Ursula så mykje. Vi er også glade for at ho ikkje gir seg der, men går på med friskt mot og startar masterutdanning i karriereveiledning, ved sida av jobben ho elles utfører for Kvito AS. Lykke til, Ursula.

I litt over eit år har Kvito levert tiltaket Restart til Nissedal kommune. Det er eit tilbod til ungdom mellom 18 og 30 år, med sosialstønad som inntekt. Kommunen ynskte at tiltaket skulle hjelpe ungdom ut i arbeid eller utdanning, ved hjelp av motivasjonsarbeid, kompetanseheving og arbeidstrening. Som eit resultat av godt og konstruktivt samarbeid med lokalt NAV-kontor, kommunen og lokalt næringsliv kan vi nå notere oss at av dei åtte som hittil har fullført, er sju ute i jobb eller utdanning. Vi håpar og trur på ei god framtid for både dei og komande deltakarar i Restart. Vest-Telemark Blad, 23.11.17, har laga ein reportasje om saka, som de ser her:

Kvardagen i Kvito byd på mange små og store gleder, og akkurat i dag, 6.11..17., gler vi oss over at vi har blitt Equassgodkjende nok ein gong. Vi er nå, som fyrste bedrift i Telemark, og ein av dei fyrste i landet, godkjende etter 2018-versjonen, og har dermed godkjenning tre år fram i tid. Equassgodkjenninga er eit viktig kvalitetsstempel for alt arbeidet vi utfører i bedrifta vår.

Eit av mange viktige verkemiddel i attføringsarbeidet vårt, er intern kvalifisering innan ulike fagfelt.
Eit av kursa på Snekkeriet er, nokså sjølvsagt, snekkerkurs,  og her får Oddbjørn (t.h.) sitt vel fortente lærebevis etter fullført kurs, der han har lært om fylgjande tema:
· Materiallære
· Bruk av maskiner og handverktøy
· Metodar for samansetting
· Bruk og reingjering av lakkeringsutstyr
· Sparkling og pussing av møblar
· Montering av inne- og utemøblar
 

Vår fremste oppgåve er å bidra til at flest mogleg får tatt sine ressursar i bruk. Det aukar livskvaliteten å koma ut i arbeid eller utdanning, og når våre jobbsøkarar lukkast med det, jublar vi saman med dei.

Her er eit eksempel, omtalt i TA 07.04.17:

Du kan lese heile saka her: https://www.ta.no/dalen/vest-telemark/kvito/ikkje-redd-for-a-seie-at-eg-er-stolt/s/5-50-336144, men eit par små utdrag tek vi likevel med i det vi ynskjer Linda lukke til vidare:

"Eg er ikkje redd for å seie at eg er stolt av meg sjølv. Dette hadde eg aldri trudd eg kunne få til, smiler 27-åringen.

...

I ti år mottok Linda dagpengar frå Nav, like lenge hadde ho lite framtidsplanar og tru på kvardagen. Etter å ha skuffa seg sjølv heile tre gonger i freistnad på å fullføre vidaregåande skule, såg det mørkt ut for den opphavlege seljordskvinna. Så bestemte ho seg for å gje det enda ein sjanse.

...

Linda fann straks tonen med rettleiar hos Kvito på Dalen, Ursula van Dam. Saman laga dei vekesplanar som let seg kombinere med familieliv, arbeidspraksis, eigentid og sjølvstudium.
- Det er viktig å finne ut kvar skoen trykkjer, seier Ursula.
Dagleg har ho kontakt med personar som Linda.
- Ein må ville dette sjølv. Det er ikkje alle som er så målretta. Linda har gjort ein kjempejobb. Det har vore fantastisk å sjå korleis ho har vakse, rosar ho. Sidan i haust har Linda vore gjennom to år på helsefagleg vidaregåande skule, og slukar framleis pensum med god appetitt. "