Kvalitetspolitikk

Kvito AS skal vera ei nyskapande og innovativ kompetanseverksemd med mål om å levere dei beste attføringstenestene i Vest-Telemark. Kvito AS vil kontinuerleg betre sine tenester til kundane slik at vi alltid vil vera eit fyrsteval. Vi vil til ei kvar tid ha den kompetanse som er naudsynt i høve til dei oppdrag vi skal utføre. Kvito AS vil arbeide mot å sikre at ingen blir diskriminert og at det er lik deling mellom kjønn i faste stillingar og tillitsverv. Kvito AS skal vera profesjonell i levering av tenester, og halde seg oppdatert på nye krav og behov marknaden har. Verksemda vil bidra til positiv utvikling for samfunnet gjennom arbeidstakaren / arbeidssøkjarens aktive deltaking i arbeidslivet. Kvito AS vil arbeide for å auke arbeidstakaren / arbeidssøkjaren sitt sjølvstende, slik at han/ho gjer eigne val mot ein auka livskvalitet. Verksemda vil og arbeide for å sikre arbeidstakaren / arbeidssøkjaren sine rettar gjennom informasjon, avtaler, regelverk og årlige evalueringar av deira rettar. Kvito AS vil ha ein god miljøprofil i val av materiale, sortering av avfall, bruk av ressursar, og gjennom arbeidet ta godt vare på miljøet og menneskja.

Visjon

Saman for arbeid og auka livskvalitet

Visjonen skal vera gjennomgåande i alt arbeid Kvito utførerS

 

Formål

Formålet til Kvito as er å være ei verksemd som på ein god og effektiv måte kan tilby eit breit spekter av attføringstenester med siktemål å gje eit kvalitetsmessig best mogleg attføringstilbod til aktuelle arbeidssøkjarar og arbeidstakarar.

Verdigrunnlag

Våre verdiar:

Respekt:
Vi samhandlar i forståing og erkjennelse av kvarandre sin forskjellighet og verdi.

Engasjement:
Vi er til stades i arbeidet med kvar einskild sine moglegheiter og utfordringar.

Tillit:
Vi tar ansvar – er stolte av kvarandre sine resultat og støttande i kvarandre sitt arbeid.

Likeverd:
Vi har trua på at alle har rett til å ta del i arbeidslivet og at alle har eit verd for samfunnet.