RESTART

image_pdfimage_print

Tiltaket Restart blir førebels berre levert ved Kvito si avdeling i Nissedal kommune. Det er eit tilbod som er utarbeidd på førespurnad frå Nissedal kommune og rettar seg mot mottakarar av økonomisk sosialhjelp.

Som deltakar i Restart vil du få eit individuelt tilpassa tilbod som skal hjelpe deg vidare inn i utdanning eller arbeid. For å hjelpe deg dit, tilbyr vi mellom anna:

  • Kartlegging av basiskompetanse lesing/skriving og matematikk (ved hjelp av kartleggingsverktøyet Rådgiveren) og eventuell etterfylgjande opplæring
  • Kartlegging av verdiar, interesser og preferanser (ved hjelp av kartleggingsverktøyet Vip24)
  • Motiverande intervju, samtaler som skal hjelpe deg til å hente fram din eigen motivasjon for arbeid eller skule
  • Kurs i arbeidslivet sine rettar og plikter
  • Jobbsøkjarkurs med CV-skriving og intervjutrening
  • Arbeidstrening internt i Kvito
  • Arbeidstrening/hospitering i ekstern bedrift

Restart varer normalt inntil seks månader, men kan forlengast etter avtale med Nav. Du kan søkjast inn i tiltaket via NAV Nissedal.