Arkiv

I Vinje er dei sporty og har VM-dag eller OL-dag kvart år.  Då er også alle dei andre avdelingane inviterte dit.
I år var det VM tysdag 21.2. , med topp innsats, mange glade, friske fjes og fin bankett etterpå.
Slikt friskar opp og er eit godt bidrag til auka livskvalitet for både den eine og den andre.

 

 

Kvito si avdeling Kakeringen i Vinje feira heile ti år den 23.9.
Då var kafelokalet nyoppussa og det heile blei markert mellom anna ved besøk, blomar og godord frå ordføraren. Stor stas!
Alle dei dyktige medarbeidarane våre gjer kvar dag ein god innsats med baking, servering og kundebehandling. Og det gjer dei på ein så god måte at dei nå for andre gong har fått smilefjes frå Mattilsynet. 
Vel fortent! Hurra!

 

 

mattilsynhttp://www.kvito.no/wp-content/uploads/2013/09/Mattilsyn.pdf

Festivalhytter

Innreiinga av hyttene til Treungenfestivalen er i full gang. Arbeidsfolka her står på, og har gitt oss lov til å legge bilete av dei her 🙂

Fargerik lunsj

Eritrea mat til 15.04.16

På Dalen har vi starta opp med aktivitetar for flyktningane i kommunen to dagar i veka. Det er eit rikt og godt fellesskap med sju flotte menneske frå høvesvis Eritrea, Etiopia og Syria. I april hadde vi gleda av å invitere til ein utsøkt lunsj som våre nye landsmenn stod for. Her var det lokale rettar frå Eritrea, korgbrød, pannebrød og gryter med kylling og godt med krydder. Det var lam, couscous og humus frå Syria, og ikkje minst var det open isbar med Hekti sin supre, heimelaga is til dessert.

Det var mange som fekk glede av maten. Vi hadde besøk av helsesyster og ambulansesjåfør, folk frå Coop og frå kommunen, helsesjef og rådmann og heile seks blide personale frå barnehagen. Jammen kom også Tokke kommune sin ordførar Jarand Felland. I tillegg blei alle som tilfeldigvis kom innom Hekti invitert med, for det var både hjarterom og mat nok til alle. Å møtast i fellesskap rundt eit måltid mat er ei hyggeleg og varm oppleving uansett kor i verda vi kjem frå. Dette blei ein heilt fantastisk dag, takka vere alle dei gode kokkane og alle dei hyggelege gjestene.

I Tokke har vi fått fleire oppdrag.

På Dalen i Tokke driv Kvito med fleire ulike ting om dagen, og nå har vi fått god hjelp av fem flotte menneske som ikkje har vore så lenge i Norge. Alt nå er vi så heldige at Coop Prix på Dalen har tatt imot ein av våre nye deltakarar i språk- og arbeidspraksis, og Tokke kommune fylgjer opp med å tilby språkpraksis til fleire. Dette blir bra! Både for einskildmenneske og for kommunen. unnamed12