Snekkeriet

Som deltakar/arbeidstakar på Snekkeriet kan du få::

  • Ordinære arbeidsoppgåver innan:
    • Møbelsnekring
    • Lakkering
    • Kundemottak, sal, marknadsføring
    • Reinhald
    • Handarbeid av ulik slag
  • Opplæring i bruk av maskiner og handverktøy
  • Tilrettelegging i høve til individuelle behov
  • Arbeidsutprøving for personar som skal ut i, eller tilbake til, arbeid
  • Varig tilrettlagt arbeid med stor variasjon

Vi legg stor vekt på at deltakarar/arbeidstakarar er involverte i alle arbeidsoppgåver, frå planlegging og produktutvikling til vara er levert kunde.

Eit humørfylt og triveleg arbeidsmiljø er også svært viktig for oss. Vi ynskjer å vera ein arbeidsstad som gjev kvar einskild meiningsfulle dagar med høve til utvikling og kompetanseheving som kan føre vidare fram mot ordinært arbeid.

 

Full aktivitet på Snekkeriet

Ta kontakt: 35 60 73 12/916 25 063, roger.tarraldsen@kvito.no