Oppfølging

image_pdfimage_print

I  tiltaket Oppfølging  kan du få hjelp til å finne, få og behalde ein jobb i det ordinære arbeidslivet.
Tilretteleggarane i Kvito har kompetanse og erfaring som gjer at dei kan vera med deg i arbeidet med å finne rett type jobb. Vi vil også leite etter kva som skal til for å styrke dine ressursar og moglegheiter, eventuelt ved intern eller ekstern opplæring innan enkelte fagfelt. Kvito har eit nært samarbeid med det lokale næringslivet, og vil, saman med deg og din arbeidsgjevar, legge til rette for at du kan stå i jobben din over tid.

Vi kan mellom anna tilby:

  • Kartlegging av din kompetanse, dine interesser og eventuelt behov for tilrettelegging
  • Bistand til å finne eigna arbeidsplass
  • Oppfylging i starten i eit nytt arbeid
  • Tilrettelegging og oppfylging på arbeidsplassen

Etter ei kartlegging av interessene dine, der vi mellom anna gjer bruk av karriererettleiingsverktøyet VIP24, vil arbeidet stå i fokus for deg. I samarbeid med deg som jobbsøkar vil vi søke mot eit arbeid som er i di interesse og relevant i høve til di utdanning og arbeidserfaring.

Oppfølgingstiltaket har ein varighet på seks månader og kan, ved behov, forlengast med seks nye månader.

Kvito leverer dette tiltaket som underleverandør for Idea kompetanse, og du kan søkast inn via ditt lokale Nav.