Varig tilrettelagt arbeid – VTA

image_pdfimage_print

Kvito AS har 31 varig tilrettelagde arbeidsplassar (statleg vta) som gjev tilbod om eit varig arbeid til personar med  behov for særskild tilrettelegging. Desse arbeidsplassane er knytt til våre arbeidstreningsarenaer som er lokalisert sentralt i alle eigarkommunar. Kvito eig og driv mellom anna vaskeri, kantine, kafe, snekkeri og vedproduksjon.

I Varig tilrettelagt arbeid skal vi arbeide med å kvalifisere den enkelte for arbeidslivet, gjennom avklaring, arbeidstrening, vekst og utvikling.

Tilbodet er retta mot personar som:

  • Er usikre på arbeidsevna si
  • Har lite eller ingen arbeidserfaring
  • Har manglande arbeidslivskunnskap
  • Har vanskar med å finne eit arbeid som passar
  • Har uførepensjon, og ynskjer eit varigt tilrettelagt arbeid

Som arbeidstakar hjå oss vil du gjennom arbeidstilbodet skaffe deg ny kunnskap og kompetanse. Kvito kan tilby deg opplæring og arbeidstrening innen sal/servise, konditor/bakefag, vaskerifag,  kafe-/kantinedrift, møbelsnekring-lakkering, kontor og  transportnæring.

Kvito har eit nært samarbeid med det lokale næringsliv.

I tillegg til arbeidstilbod kan Kvito tilby deg kurs innan:

  • Bruk av data
  • Kosthald/ernæring
  • Basiskompetanse lesing-skriving og/eller matematikk
  • Fysisk trening
  • Utvikling av sosial kompetanse.

Søkjarar til VTA tilbodet har uførepensjon som hovudinntekt. I tillegg yter Kvito ein motivasjonsbonus for utført arbeid.

Ta gjerne kontakt med oss om du er interessert i tilbodet, eller kontakt ditt lokale NAV kontor.