Vaskeri

Kvito AS har eit moderne barrierevaskeri og yter vaskeritenester til mange verksemder i lokalmiljøet. Vaskeriet vert nytta til arbeidstrening for ulike tiltak i Kvito. Arbeidstakaren får eit individuelt tilrettelagt arbeid, med trening som kvalifiserer til ny kunnskap og kompetanse. Arbeidstakaren kan få tilbod om eit varig tilrettelagt arbeid på vaskeriet.

Vaskeriet tek på seg oppdrag frå helseinstitusjonar, turistverksemder, næringsverksemder og private. Institusjonstøy, arbeidstøy, moppar og matter. Vaskeriet har og utleige av tøy og tek på seg vask og rulling av dukar og gardiner, samt vask av dyner og puter.

Kontakt vaskeriet:

Driftsleiar Åse Veslestaul Hagen

Tlf.: 35607318 e-post: aase.hagen@kvito.no

Ope måndag - fredag kl. 8.00 - 15.30